Holmely

Retreatkalender

27. oktober Kl. 18:00

Bøn- og lovsongssamling; «Saman for Hans ansikt»

Velkommen til fellesskap med nattverd, lovsong, bøn, forbøn, undervisning/ deling og eit måltid.

Meir info

17. november Kl. 18:30

Retreat for unge vaksne; «Kom heim!»

Denne retreaten blir leia av Rune og Eva Langseth. Vi trur Gud vår Far lengtar etter sine born. Han lengtar etter å bruke tid med borna sine og vise sin kjærleik til oss. Vi har sjølv gått ein veg i å oppdage meir av denne kjærleiken og har funne større kvile i kvardagen, med djupare vissheten om at vi er elska (og bra nok). Retreaten vil blant anna innehalde faste bønetider i kapellet, fordjuping i Bibelen, eigentid til kvile/turgåing/fordjuping/tid med Gud, forbøn, stille måltid og delestunder.

Målgruppa for retreaten er unge vaksne, så velje ein sjølv om ein er ung nok eller gammal nok i den kategorien.

Meir info

24. november Kl. 18:00

Bøn- og lovsongssamling; «Saman for Hans ansikt»

Velkommen til fellesskap med nattverd, lovsong, bøn, forbøn, undervisning/ deling og eit måltid.

Meir info

2. desember Kl. 10:00

Bibel, bøn og stillhet – retreatdag

Retreatdag for travle og hektiske menneske. 
Rune og Eva Langseth ynskjer å sette av desse dagane med deg til å søkje Gud i bibellesing, bøn, stillhet, nattverd og fellesskap. 
Velkommen til ein dag med senka skuldrer.

Meir info

2. desember Kl. 10:00

Stille dag i advent

Velkommen til ein stille dag til å feste blikket på Jesu komme, til å gå adventstida i møte. Dagen vil innehalde bibelmeditasjon, bøn med tid for eiga refleksjon og eigentid, samling med nattverd i kapellet, delerunde og eit stille måltid med musikk. Ta kontakt ved ynskje om overnatting frå fredag. 

Meir info




Tilbud

Holmely tilbyr:

Retreat
Trekkje seg tilbake, bruke tid i stillhet 
for å bli betre kjent med seg sjølv og Gud. 
Få hjelp til å vandre med kvilepuls.
Tid til å vere stille og be. 

Faste samlingar i kapellet. Bibelmeditasjon.
Stille måltid med musikk. 

Tilbod om sjelesorg/åndeleg vegleiing.

Temadagar / helgar / kurs
Inspirasjon og fornying for kristenlivet og kvardagen. 
Gode tema-haldarar med livsnære tema. 
Det er godt mogleg å ha selskap med dei andre gjestene, like gjerne som ein kan trekkje seg tilbake i stillhet når det kjennest best.
Ein kan fritt bruke loftsstove, kapellet og bokhyllene. 

PS: Holmely er ikkje ein behandlings-stad, men kan ved mange høve vere eit supplement til anna hjelp.


Omsorg og livshjelp
Medvandring - høve til sjelesorg/ samtale/ forbøn.
Tid for avkopling og tilkopling. 
Individuelle opphald. Ta kontakt!

Bøn
Bønelunsj fredagar 11.30 – 12.30 (med unnatak av skuleferiar); vi et ilag, drikk kaffi og ber for staden, regionen og kvarandre
(ta med matpakke).

Bønedagar: åndeleg påfyll, lovsong, felles bøn, bønevandring, høve til personleg forbøn. 

Enkeltgjestar, grupper og lag / Ferie:
Rikeleg høve til å bruke naturen frå fjord til fjell.
Kort veg til Stadt/Vestkapp, Selje og Vågsøy med mange naturperler og historiske stader.
Holmely kan òg leigast av grupper og lag som ynskjer å ha eigne arrangement. Vi har sengeplassar til ca. 20 personar. 
Holmely er medlem i Norske Misjonshoteller. 
 
Lik Holmely på facebook: www.facebook.com/holmely 
Her får ein oppdateringar om arrangement, andre nyhende, vakre foto m.m.
 
 
 

Stedet

Holmely ligg som ei perle i sjøkanten, like ved riksveg 15 på Bryggja i Nordfjord, med vakker utsikt mot fjell og fjord og skogkledde holmar. 11 rom (enkle og doble) med god standard.

 


Kommunikasjon

Reise til og frå Holmely:
Gode bussamband frå/til Oslo, Bergen, Ålesund og Trondheim.
Ekspressbåt Bergen – Måløy 2 g. daglig.Deretter buss i ca 30 min til Holmely/Totland (Bryggja)
Fly frå Oslo/Bergen til Sandane,buss til Holmely/Totland (Bryggja).

Sjå Holmely på kartet. 

 

Eier

Normisjon region Sogn og Fjordane

Kontakt

Adresse: Holmely Omsorg og Retreat, Holmevegen 26, 6711 Bryggja
Telefon: 57 85 34 25
Epost: holmely@normisjon.no
Nettside: http://www.holmely.no
Klikk her for kart
GPS koordinater: 61°55'43.6"N 5°23'17.2"E